Fleire har spurt oss om detaljer kring menyen. Så langt ser det slik ut:
Middagen vert servert i to omgangar. I første servering vert det servert smalahove med tilbehør, og under andre servering vert det servert påfyll med korv (pølse).
I pausen mellom middag og dessert, vert det omvising der ein får sjå korleis smalahove vert produsert. (Dette er sjølvsagt frivillig)
Middagen vert avslutta med kake og kaffi.
Me har sendt førespurnad om eigen barnemeny. Me ventar på tilbakemelding, men kjem tilbake med meir info så snart me kan.
Håpar du kjem!