Samlaprøven var vår var eit godt arrangement i fjord – i år har ikkje alt gått like godt på skinner. Me har hatt godt med jaktprøver i sommarsesongen – og hatt mange dommarar som har gjort ein strålande jobb med å dømme ekvipasjar. Dette set styret stor pris på. Påmeldinga og tilgangen på dommarar denne helga samlaprøven er satt opp på har ikkje samsvare heilt i år. På grunn av dette må me dessverre avlyse samlaprøven sånn den vart arrangert i fjord. Me skal prøve å få brukt dei dommarane som har sagt seg villige til å dømme – samt ta omsyn til dei påmeldt og ikkje mist til ekvipasjar som står på vent på å bli dømt denne helga. Her må me gjere ei prioritering.
Hordaland er ein populær region å gå jaktprøver og mange søker til vår region for å få vurdert hundane sine. Dette skal vi være glade for – me har eit attraktivt prøveprogram hos oss. Det skal være stas å gå jaktprøve i Hordaland. Dette håpar me å utvikla også i åra som kjem.
Dei påmeldte vil bli kontakta så fort som me få lagt kabalen – og håpar på mange fine opplevingar i skogen no i august og fram mot jaktstart. Bandhundjakt er moro – og jaktprøve er ein utmerka måte å lære seg dette samspelet.
Styret ber om forståelse for dette og håpar å komme så mange hundeførar i møte – og skal jobbe for ei god gjennomføring av jaktprøvane også utover hausten.
MVH
Styret.,