Ringtrening før utstilling

Fredagen før utstillinga i Uskedalen pleier me arrangere ringtrening for dei som er intresserte, og skal delta på lørdagens utstilling.

Her får eier/fører litt nyttige tips til kva som er viktig ved å vise ein hund, samt at hunden vert litt vant til å vera på området og i ringen. Me prøver også her å måle hundane  og  sjekke tenner, alt i forsiktig og positiv tone slik at hundane vert litt vant og mindre usikre på sjølve utstillinga. Mange hadde veldig godt av denne treninga på fredagen, og fekk hundane sine til å vise seg fint , med dei sløyfer det måtte gi..

Me vil anbefale alle å trene regelmessig på dette, samt å møte opp fredagen neste gang , for verdifull trening for hund og fører.

Takk for oppmøtet til dei som stillte opp.

Styret