Bur på Storhaug, Utåker i Kvinnherad. Jobbar som viltforvaltar for kommunen og driv gardsbruk. Har jakta hjort sidan 1971 og skaffa min fyrste svarthund i 1983. Hadde dei to fyrste godkjente ettersøkshundane av elghundrase på Sør-Vestlandet, dei vart godkjent i 1991 og hadde nr. 41 og 42 i Ettersøkshundregisteret. Eg var med og etablera Kvinnherad Ettersøkslag og Hordaland EHK.
Eg starta med hund på bandhundprøve fyrste gongene i 1991, og eg har no dømt bandhund i over 20 år. Har no hatt svart elghund i 33 år og har dreve oppdrett med kennel Bjønnsteg som no har født 28 kull og totalt 135 kvelpar.