8 av deltakarane på samlinga.
I alt 11 deltakarar med hund deltok på blodsporsamlinga på Stord helga 18-19 juli.
Arrangementet var lagt opp som ei enkel samling, der deltakarane fekk legga spor for egne og andre sine hundar, for å læra meir om arbeidsmåte, trening, motivasjon og tolking av hundar i arbeid. Om kvelden var det sosialt samvær i hytta , der diskusjonen og praten gjekk om alt som har med (svart)hund å gjera.
Dette var eit meget populært tiltak som me vil prøva å få til fleire ganger, samt at me hausten/vinteren 2015 vil prøva å arrangere blodsporkurs for våre medlemmer i klubben.
Informasjon om dette vert lagt ut på HEK si nettside og FB-side.
Vidar