I alt fire ekvipasjer og to dommere fra Hordaland Elghundklubb var med på NM for Bandhund i Nord Trøndelag den 11-12 august.
Etter dag ein på prøven var det spesielt Steinar Hustoft, og hans Svarthundens Onyx (Ravn) og Anita Lie med Børvelias Oda som låg godt an, med 95 poeng for Onyx og 93 poeng for Oda. Dei kom begge i fine situasjoner og scora høgt på alle moment.
Tore Storhaug og hans Svarthundens Milja BA kom dessverre ikkje for elg denne dagen, Vidar Hellås med Svarthundens Milo BA fekk ikkje med seg sporing og dermed var begge desse ute av tetstrid i eit slikt mesterskap, dei fekk 23 (Milja) og 50 (Milo) poeng .
Dag to var det håp om at våre to i teten skulle komme fra skogen med gode resultat, men verken Steinar og Onyx eller Anita og Oda kom til syn for dyr denne dagen, og kom då begge ut med 64 poeng, og då dessverre litt nedpå resultatlista. (Om dei hadde fått syn i moment 4 så hadde dei trulig hatt god sjangs på pallplassering begge to)
Tore og Milja fekk lørdagen bedre klaff og kom inn med 92 poeng, og enda på 115 poeng og 18 plass i meisterskapet.
Vidar og Milo fekk også bedre klaff og kom fra skogen med 1 pr på 76 poeng, og 126 poeng og 17 plass i NM.
Anita og Oda fekk totalt 157 poeng, og enda på 16 plass.
Steinar og Onyx vart beste hund fra Hordaland og enda på 10 pass med 159 poeng.
Våre to dommere fekk mykje nye erfaringer både med arbeid på elg, andre raser enn svart elghund (grå og karelsk elghund) og var begge nøgd med å få vera med på eit slikt arrangement.
På lørdagen var det gallamiddag før premieutdeling, og mange var spente på vinneren av NM 2017
Vinneren av BandhundNM 2017 vart Loshundens Hera, og eier Trond Anders Nilsen, med fantastiske 96 og 97 poeng, totalt 193, og dermed suveren på topp. Rugg og Jon Trøen på 2 plass, og Saga og Bjørn Grue nr 3. Alle på pallen var Grå elghund 2017.
Hordaland Elghundklubb vil takka Nord Trøndelag Elghundklubb for eit fantastisk flott og bra organisert arrangement, me har kosa oss både to og firebeinte.