Helga 25-26 april vart det årlige bandhundkurset arrangert i Tveitedalen ved Ternebu. Fullt hus dvs. 20 deltakarar fekk læra om bandhundjakt av Jarle og Anita som var ansvarlig for undervisninga. Ekstra gledelig var det at det i år var mange unge deltakarar og 4-5 damer på kurset. Det sosiale er også svært viktig ei slik helg, fleire av deltakarane kom allerede fredag kvelden og budde på Ternebu eller i campingvogn. Etter kurset på lørdagen hadde Monika stelt i stand ei fantastisk jegergryte før deltakarane fekk servert eit lite bildeføredrag om hjort og jakt. Ei slik helg stiller klubben med mange frivillige, som ein er heilt avhengig av, spesielt på søndagen når ein skal ut i skogen med kursdeltakarane. Alle som ville fekk seg ein tur på skogen på søndagen der ein fekk sjå og prøve ein erfaren bandhund i arbeid, før det var tilbake på Ternebu for ein siste evaluering. Med andre ord ei svært vellykka helg, med mange posetive tilbakemeldingar.




