Svarthundtreffet, Resultater og referat

 

Ein litt sliten Leiar har, og tar ordet:

Svarthundtreffet 2018 på Voss er over, og du verden for ein opplevelse…

I alt ca 175 hunder utstillt over to dager, og over 35 hunder vist i Avlshundparade i nydelig vårvær på Voss i Hordaland. Arrangementet som var eit samarbeid mellom Hordaland Elghundklubb og Avlsutvalget for Norsk Elghund Sort (AUNES) har vore planlagt lenge, og programmet satt lenge  før me hadde noko tall på kor mange som faktisk ville komme til oss her i Vest. Me satte oss mål om og overgå forrige rekord, med 61 svarte elghunder, og hadde eit håp om 75-80, men at me skulle komme i over 100 påmeldte på lørdagen hadde me aldri regna med.

Team Svarthundtreff: Bak, Fra venstre; Atle Helland, Lars Henrik Skogtun, Jarle Rogne, Vidar Hellås, Svenn Magnus Runde, Terje Gjeraldstveit, Inge Dregeli, Tore Furdal, Torstein Medhus, Steinar Hustoft, Jon Langeland og Vidar Lillevik . Framme frå venstre; Ingeborg Øyna, Anita Lie, Ane Storhaug Grøndahl og Camilla Hartz Repshus

Programmet var satt, og me såg dette vart stort å få til, men enorm innsats fra lokale krefter, styret og AUNES jobba intenst siste veka med alt fra planlegging til innkjøp og kakebaking.

Avlsrådet på plass, fra venstre; Anita Lie, Svenn Magnus Runde og Camilla Hartz Repshus

Det vart satt opp ekstra ringtrening fredag kl 18.00 og Arrangementet starta “brått og brutalt” med at me fekk 50 hunder på første ringtrening, og me måtte fordele så godt det gjekk an i begge ringane. Me hadde faktisk 23 hannhunder i ringen samtidig, og nivået var imponerende… Sjå filmen fra treninga  her:

 

Det vart også satt igang Fotografering hundane til Svarthundtreff-boka som skal gis ut etter samlinga.  Vår flinke fotograf Atle Helland fekk iløpet av helga tatt bilder av alle med hund som kom til henvist plass, og dei vil komme med i boka som me jobber med neste vekene. Denne boka vil trulig bli klar mot slutten av juni, og mange ville ha sine hunder avbilda i denne. Det kommer ein ekstra annonsering rett før boka går til endelig bestilling, så om nokon har ønske om denne og ikkje bestilt, eller vil ha fleire enn eit eksemplar, så ta kontakt med Anita Lie eller Svenn Magnus Runde i AUNES om det.

Fredagen vart det også Komisjonsmåling då me endelig hadde to dommere tilgjengelig for å få utført dette, og mange benytta seg av dette fredagen.

Stille før stormen: Fra venstre: ringsekretær Raymond Sandvik, skriver Anna Alina Kruger Grønquist, Dommer Arild Berget, Dommer Anne L. Buvik, ringsekretær Jostein Vermundsen og skriver Ane Storhaug Grøndahl

  

Med sol og flott vær  starta utstillinga lørdagen , og fortsatte til Avlshundparaden vart satt igang 13.00.  Det vart stillt i alt godt over 100 svarte elghunder denne dagen, og trass tidsplan fekk me kåra BIR og BIM i Svart Elghund og BIS i god tid før foredragene starta.

Heile resultatlista fra lørdag kan du sjå her: Svarthundtreffet dag 1 8MB

Mange flotte hunder og flinke handlere i aksjon denne dagen.

Arild Berget hadde ein flott presentasjon av Avlshundparaden, der dei oppmøtte fekk sjå mange flotte hunder

Link til presentasjon hannhunder her: https://www.youtube.com/watch?v=vclSfvYeZow&feature=youtu.be

Nokre av tispene i paraden

Litt meir bilder fra helga:

I sjølve utstillinga stod det til slutt om Børvelias Pippi og Alex til Per Odd Solli i  NES, og det var til slutt Pippi til  Anita Lie og Lars Johan Eikeland som vart BIR

I BIS finalen enda også Pippi på toppen i konkurranse med Vindmyras Karhu til Sandra Henriksen.

Salget av pølser og brus gjekk unna denne dagen, og me var glade for fantastisk god hjelp i kiosken, spesielt av desse tre her :

Fra venstre: Lars Østrem, Frida Kjerrgård og Herman Lilletun

Neste på planen var foredrag på Løno, først om Utstilling av Anne Buvik, før Frode Lingås hadde om temaet Avlsbreidde, der deltakarane fekk mulighet å stilla spørsmål om temaene.

Etter dette vart det samla til ekte Smalahåvemiddag på Løno, der alle som hadde tinga plass fekk smaka spesialiteten fra Voss, sjølvsagt med ekte Vossabrygg attåt. Stor stemning, med utfordrande mat, god drykk, gode taler og liv, der deltakere fra spesielt Nord og Sør laga godt liv i leiren. Over 100 personer var samla til middagen

    

Utstillinga søndag : Resultatliste herSvarthundtreffet dag 2 3MB 

Mange gode prestasjoner også då, og kansje spesielt å merke seg Unghund/Juniorhundane  Zeiss til Per Frode Halsnes og kullsøster Alva til Christian Håland og Elin Mæland som begge gjekk ut med CK søndagen. Zeiss fekk også pris for beste junior hann på lørdagens utstilling.  Svenn Magnus Runde fekk tildelt  pris for beste juniortispe med Kvileskogens DI Lilja .

Til slutt skulle det på toppen stå om Børvelias Pippi, eller Vossasvartens D`Alfa til Henning Knudsen, og igjen var det Anita Lie med Pippi som vart BIR.

I BIS finalen vart også Pippi kåra til utstillingens beste hund i konkurrranse med Vindmyras Karhu, og Eierne Anita Lie og Lars Johan Eikeland kan vel vera godt nøgd med storeslem på den største Svarthundutstillinga som nokon gang har blitt arrangert.  Me gratulerer Børvelias med fantastiske resultater

Børvelias Pippi, BIS Svarthundtreffet Voss 2018 begge dagene

 

Litt fleire øyeblikk fra Svarthundtreffet her:

 

 

Alt i alt har dette vore ei eventyrlig helg, med fantastiske bidrag og støtte fra lokalt næringsliv, medlemmer og andre, men arrangementet hadde ikkje vore noko om ikkje var for alle som tok turen for å delta her. Med deltakere fra omtrent alle landets fylker  så er dette eit arrangement som går inn i historien som noko av det største ein klubb som Hordaland Elghundklubb har vore med på å arrangere. På vegne av HEK vil eg takka alle sponsorer, AUNES og ellers alle dei som har bidratt til arrangementet Svarthundtreffet Voss 2018

Eg er stolt over å vera Leiar i ein sånn klubb..

Vidar Lillevik