Helga 18-19 juni arrangerte Voss Hundeklubb og Hordaland elghund klubb blodspor kurs på Voss.
9 Deltakere med 8 hunder, med ulik erfaring med blodspor, fekk myke god lærdom av instruktør Helga-Mari Tessem.(http://www.jaktlykke.com/)
Litt regn fredags kveld gjorde att sporings forholda på laurdag og søndag gode.
Laurdag starta med presentasjon av hund og fører, deretter vart det ein god time med teori,
Før det bar ut i terrenget for å legge ut 2 spor kvar, der dei gjekk eine sporet før mat, og det andre etter mat.
For nokon var dette første sporet som dei la ut, andre hadde god erfaring i å legge blodspor.
Søndag starta ein med å legge eit spor til seg sjølv, og deretter gjekk 2 og 2 saman og la spor for kvarandre.
Nyttig lærdom å få gå spor som andre har lagt.
Det var med hunder frå 12 veker og opp til 8 år. Lettskya og tidvis sol, gjorde dagene ute lette.
Desse var med: Hilde Gunn Stenseth, Dag Gjerde, Magne Aldal, Svein Tangen, Jon Terje Jåstad., Jarle Birkeland, Endre Velken, Eivind Håvarstein og Beate Hop
Ein av deltakerne, Dag Gjerde, med sin Bøvrafallets Hall fekk og tatt blodspor prøven på søndag, som han besto med glans, og me Gratulerer med flott 1 premie.
For Voss hundeklubb og Hordaland Elghund klubb.
Jarle Rogne