Flott utstilling i Kvinnherad for Hordaland Elghundklubb
Over: BIS 2 Power av Gausbu og Stein Frantzen, Dommer Frank Christiansen og BIS Børvelias Lilo, og oppdretter Anita Lie
Hordaland elghundklubb har mykje å gleda seg over etter helga. Høgdepunktet var utstilliinga på laurdag der me hadde rekordpåmelding med heile 60 påmelde hundar. Av desse var 45 svarte elghundar. I følgje dommar Frank Christiansen var dette tidenes høgaste tal svarthundar på ei og same utstilling!
For oss som arrangør er dette svært gledeleg. Sjølve utstillinga enda med lokal ”storeslem” til oppdrettar Anita Lie. Ho stakk av med både BIS og BIM med henholdsvis Børvelias Lilo og kullsøster Børvelias Lexi. I tillegg vann ho oppdrettarklassen der også Tore Storhaug deltok. Begge fekk imidlertid HP og flott omtale av dommaren. Kvaliteten på hundane som vart utstilte var jamt over svært god og fleire fekk utdelt CK og cert.
Det var som venta stor deltaking av svarte elghundar, men det stilte og hundar av andre rasar innan elghundgruppa. Me hadde deltakarar med grå elghund og i tillegg Jamthund, Svensk elghund kvit og Vestsibirsk Laika. Det er kjekt at fleire av elghundrasane vert representerte sjølv om me er på vestlandet! Under er dei viktigaste resultata:
BIS og BIR NES : Børvelias Lilo, eier Robert Mehl og Monica Solberg
BIM NES: Børvelias Lexi, eier Aslak Ringhus
BIR og BIS2 og Cert, NEG :Power av Gausbu, eier Stein Frantzen
BIM NEG : Hirvi av Gausbu, eier Stein Frantzen
Cert NES Brukshund Hann: Vossasvartens Draco, eier Terje Gjeraldstveit
Cert NES Brukshund Tispe: Kita, eier Dag Skår
BIM og BIR Kvalp NES: Kullskogens TT Nemi og Kullskogens TT Tara (BIS Kvalp)
BIR Kvalp NEG : Balder, med eier Beate Hop
Me vil også nytte høvet til å takke våre sponsorer: FK-Butikken (Hovedsponsor) Engevik Byggsenter Bømlo Hundepensjonat GalleriE Byggservice AS Slangeservice AS Atle Helland Foto RHS Stord Expert Kvinnherad Kvinnherad Energi
Elles viser me til Dogweb for fullstendig oversyn over rangering og premiering.
Her er litt fleire bilder fra den flotte dagen i Kvinnherad :