Det var allerede nesten gått ein mnd av hjortejakta, og eg hadde avtale med ein grunneigar på utåker om å hjelpe til med å skyte fem dyr i løpet av tre år.
Det var litt før lunch tider at eg parkerte bilen og fekk på meg og hunden utstyret. Planen var å ta ei tre timers økt så eg hadde pakka lett. Det var litt vind og lett yr. Hadde regna godt dagane før i liane der.
Merka raskt at trekken ned frå fjellsida bar med seg lukt av hjort til Neo, så det blei innpå smyging ganske så tidlig etter å ha komt inn i skogen.
Neo hadde peiling mot ein liten kam som stakk ut under ein stor fjellvegg, og akkurat i det vi kommer over kammen stivnet Neo heilt i blikket og kroppen blir urørlig.
Eg ser då eit par hjorteøyrer som kommer skrått mot oss, ser enda ikkje heile dyret. Eg setter meg då ned på kne og i skytestilling. Og der kommer ei enslig kolle og stopper på 15meter med breidsida til, skyter rett bak bogen. Kolla raser ut og legger seg ca 70meter lenger nede i eit bekkafar.
Eg venter med å gå bort til skuddplassen, bruker ca 30min med å rose og stryke Neo over brystkassen.
Det viser seg raskt på skuddplassen at det er gjennomskyting av begge lunger, mykje blod med luftbobler i for Neo å følga til Fallet.
Ei utrulig flott og kjekk opplevelse både for hund og matfar.
JT